| Lene's profileUnge HåpefullePhotosBlogLists | Help |
|
August 25 Siste dagI dag er det siste dag på jobb. Ute er det nesten tredve grader, og alt for varmt. Det begynner altså å nærme seg våren her nede. Eg køyrde faktisk aleine til jobb i dag. Dei andre som jobber på hubben har enten teke seg fri eller er sjuk. Siden eg tar fri imorra, så er det ikkje så ille. Det var faktisk lite spenning i det å kjøre sjølv også. Det gikk så bra at det nesten var litt urovekkande. Ingen kø, og ingen skumle forbikjøringer. Men eg seie bare "bank i bordet", for eg er bare halvvegs. Eg må jo attende til Colony i ettermiddag.
Vi hadde presentasjonene av forretningsplanen på tirsdag. Eg må si meg fornøyd med verket. Eg skulle gjerne ha jobba litt til med det, men det vart dessverre knapt med tid på slutten. I kveld er det "graduation dinner" og utdeling av karakter, så då får vi vite kor bra det egentlig gikk. Over halvparten av gruppa vår drar tilbake til Norge på søndag, men eg venter litt. Flyet mitt går ikkje før onsdag, men eg har funne ein billig backpacker som eg kan bu på i mellomtida. Bruke dagane på å ligge i ro og ikkje gjøre noko.
Sidan det er så få dager att, så er det veldig lite som hender. Eg må bare si at eg angrer ikkje på denne sommare, men gler meg til å vende nasa nordover, og fly mot kaldare strøk. August 18 bilerJa, no har eg opplevd aa kraesje i Sor Afrika. Det var ikkje eit stort smell, men eg trur nok det kvalifiserer som eit lite kraesj. Ingen personer vart skadde, men bilen vaar ser vi nok aldri att.
Eit marked som eg trur er ganske metta i dette landet er forressten bort-tauingsbilane. For eg kom meg ut av bilen var allereie ein av dei der, og ikkje lenge etterpaa var det fire til som stod og gjerne ville taue oss bort. Det var ikkje lett for dei aa ta eit nei for eit nei. Eg trur ogsaa at minst ein av dei var ganske rusa, med raudsprengte auge og smaa pupiller. Ringer i orene er ogsaa ganske populaert blant disse karene. Men vi vart sittande i to timer og vente paa selskapet som budget har avtale med.
August 15 Min andre tur til NatalNo har eg tatt buss i Sør Afrika og. Eg tok buss klokka halv ni på fredags morgon fra Johannesburg sentralstasjon. Den låg i eit område som heiter Hillborough, og det Oslo S stiller seg ganske i skyggen av dette område. Det er ikkje plassen å stikke aleine... Men inn og ut av buss stasjonen, tett fulgt av Philipp og Silje, gikk greit. “Luxury Coaches” - turen min tok nesten åtte timer. Vel framme i Durban møtte eg vertsfamilien min. De har flytta litt nærmare Durban, og bur no i eit hus i Kloof. Den yngste vertssøstra mi, Jessica, har dratt til Tyskland for å vere AuPair i tre månader, så no var det bare mine vertsforeldre og Darryn att i huset. Det var litt merkeleg å vere der utan både Lana og Jess.
I Durban var eg på beachfronten, og såg på livet der. I tillegg tok vi ein biltur langs noko som heiter “Midlands Meander”. Det er ein tur med fantastisk utsikt. Den er nok vakrare om sommaren når alt er grønt og frodig, og ikkje om vinteren når alt er brunt og tørt. Vi var bl.a. på ein iskremfabrikk og åt heimelaga iskrem, og vi var på besøk hos nokon som laga “wind chimes”.
Eg drog til Cape Town, the Mother City, på mandagen. Der var vi inne på eit fort, som innehold eit museum som skulle vise den militære historia til byen. Det var ganske lite interessant, så vi drog vidare til Kapp det Gode Håp. Nasjonalparken som Kapp ligg i er skremmande likt vestlands nature, med lyngheier og fjell. Så når vi kjørte med opne vindauger langs kysten, på veg ut mot det sørlegaste punktet, var det nesten som å vere heime att. August 04 MosambikNo kjem det litt meir om Mosambik turen.
Mosambik er litt ulikt Sør Afrika på mange måter. Det første store skilnaden vi opplevde var standarden på vegane. Den var utruleg dårleg. Det var store hol midt i vegen, og det var ikkje alltid meir enn 1,5 kjørefelt. I tillegg så stod det av og til lastebiler i vegen og tok pauser. Vi såg faktisk ein lastebil som hadde stoppa, og hengt opp vasken sin mellom bilen og treet. På forhånd hadde vi blitt advart om politiet, som likte å stoppe utlendinger, og gjerne loppe dei for litt penger. Vår bil blei stoppa kun ein gong i Mosambik, då hadde vi visstnok kjørt over ei heilstrukke linje. Eg kan ikkje hugse å ha sett ei heilstrukke linje i Mosambik, men vi godtok bota på 1 million Mosambik penger.
Der vi budde var det bare oss nesten. Det låg ein restaurant eit stykke bortanfor på stranda, men ellers var det bare "vår" hytte det budde folk i. Så i tillegg til oss var det bare lokalbefolkningen og bygningsarbeidere. Eg har aldri opplevd å ha mykje strand for meg sjølv, det var ganske herlig. Det vi gjorde om dagane var å leike med ball, gå langs stranda, sole oss, og bade. I tillegg gjorde eg eit forsøk på å lage eit sandslott, men ein kan ganske raskt konkludere at det er noko som hører barndommen til. Eg har verkelig ikkje den rette tålmodigheten til slikt lenger.
I morra drar eg til Durban, og etter helga er det Cape Town, the mother city. Herlig... Men vi har og begynt å oppleve litt tidsnød. Det er ikkje lenge til oppgava vår skal leveres på Wits, og det er masse som mangler. I dag er det faktisk under ein måned til eg har norsk jord under føttene. Det er det både trist og herleg å tenke på. August 01 Richards Bay og MosambikEndelig tilbake i trygge og kjende omgivelser. Det er litt merkelig, men eg begynner aa fole meg litt hjemme her i denne byen langt hjemmenifra. I gaar foltes det faktisk litt trygt aa komme til Johannesburg, en av verdens mest farlige byer. Eg har vert borte ei god stund. Sist torsdag reiste eg til Richards Bay og kom tilbake paa mandag kveld. Onsdag klokka halv fire om morgonen reiste vi vidare til Mosambik, og kom ikkje tilbake for sondag kveld, dvs i gaar.
Richards Bay er ein god kjoretur unna Joburg. Byen ligg eit par timer ost fra Durban helt ute ved kysten. Det tar omtrent 4-5 timer aa kjore fra Joburg. Vi var seks stykker som dro nedover. Planen min var ikkje noko anna enn strandliv, medan nokre av dei andre skulle jobbe litt. Dei jobber for nokre som produserer it losninger som dei prover aa faa solgt til nokre gruveselska, og i Richards Bay er det masse utvinning av mineraler.
Paa vegen til Richards Bay kjorte vi gjennom deler av zululand. Eg skulle gjerne sett meir av det, men skjedde dessverre ikkje denne gangen. Eg saag skiltet til Nkonjeni, omraadet der grandtanta mi var misjonaer. Det var litt kult. Eg fekk dessverre ikkje tatt bilete, det var morkt, og eg var nok litt trott.
I Richards Bay laag eg store deler av dagen paa stranda. Eg og Kjersti hadde Harry Potter bok, og vi hadde ogsaa ein ball og spelte ein god del volleyball. Eg var ein ekte strandboms. :) Med oss paa turen var Pete, ein av sjefene til i it firmaet. Han var ein superb kokk om kveldane, og vi hadde sor afrikas nasjonalrett, braai, til middag.
Turen til Mosambik var mykje lengre enn turen til Richards Bay. Det var 17 timer til, og 13 timer fra. Grunnen til at det var mykje lenger til var at vi "skippa" den mosambiske grenseposten paa heimvegen, og naar vi drog til mosambik hadde vi litt problemer med budget og forsikring paa bilane i mosambik (vi forstod litt kvifor naar vi saag standaren paa vegane) i tillegg til at eg var littegranne sjuk paa veg til mosambik.
Vi dro utruleg tidlig paa onsdags morgen. Egentlig var vi klare klokka halv fire, men med kun ein corolla og ein tazz med bagasjeplaa, innsaag vi raskt at her maatte det pakkes litt om og orndnes litt. Til slutt greidde vi aa fikse det, og etter litt over ein time var vi paa veg. Det var ein kollega av noen av oss som hadde tilbudt oss aa bu gratis paa den nybygde lodgen hans, like ved ei strand. Hores ganske herlig ut?!
Det kjem sikkert meir imorra, no maa eg jobbe litt, har hatt ein lang ferie...
July 18 DrakensbergI helga var eg i drakensbergene. Det var herleg. Veret var akkurat perfekt, ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Det var kun meg, Kenneth og Marit som drog, og vi budde ganske komfortabelt i eit lite charlet, like utanfor nasjonalparken. Forste dagen, lordagen, var vi i den nordlige delen. Vi gikk ei rute som heiter Thugela Gorge. Denne forte oss opp mot "the Amphitheatre", som er ein lang fjellkjede. Ut fra denne fjellkjeden kjem egentlig eit stort vassfall, Thugela Falls. Den er visstnok 850 meter, og det nest hogaste vassfallet i verda. Det var ikkje masse vatn att i fossen, men vi saag det til slutt :).
Sondagen drog vi til dei sentrale deler av drakensbergene, og vi fekk litt av ein topptur. Turen paa lordag hadde stort sett vert nede i ein dal, og det var gankse herleg aa faa komme seg opp i fjella. Vi hadde egentlig som maal aa komme oss opp paa ein topp, Cathedral Peak, som er 3005, men vi maatte snu like for pga tidsmangel. Det var utruleg bra utsikt heile vegen opp. Eg skal se om eg ikkje faar til aa legge ut eit bilete eller to, for det maa nesten sjaast med eigne auge.
Eg kunne nok skrevet side opp og side ned om turen, men det er vanskelig aa si kva som gjor turer i fjellet saa bra. Akkurat no sit minnet ganske ferskt i meg, i form av eit gnagsaar, to ganske stive bein og generelt litt solbrent. July 12 Johannesburg helgDenne helga var vi i Johannesburg. Det er egentlig veldig lite aa gjore i sjolve Johannesburg, unntatt golfing og dra paa kjopesenter, saa her maa ein bruke fantasi og reisehandboker godt. Fredagskvelden var vi forst paa Soweto Gospel Choir konsert paa Civic Theatre. Det var ein kjempebra konsert. Koret var jo sjolvsagt bra, men det var stemningen i salen som gjorde mest inntrykk trur eg. Plutselig kunne det komme nokre afrikanske hyl, litt klapping, eller nokon bestemte seg for aa danse litt istaden for bare aa sitte og klappe. Litt av ei oppleving med andre ord. Etter konserten dro vi til Melville, ein trandy stad med barer, som resisehanboken beskriver omraadet. Det er nok turen heim i ein drosje eg kjem til aa hugse mest fraa denne utfarten. Det var ikkje det at eg folte meg trua eller redd, eg folte meg ganske trygg der eg satt. Drosjesjaaforen var utruleg hyggelig, han tente nok litt paa oss. Bilen hans var ganske stusselig, med litt lappa hol her og der, i tillegg til det at 1. og 2. gir lagde dei mest utrulege lyder. For ein tur det var...
Lordagen begynte litt daarlig. Fisken fra dagen for kom i retur, og eg har no laert aa ikkje kjope fisk fra Pick'n'Pay som ligg i kjottdisken ferdig stekt. Men med litt utforskar trang dro eg saman med Linda og Kjersti paa handletur til eit gatekryss. Her slo vi ut haaret og pruta i veg. Det er ganske kjekt aa prute, ikkje fordi ein synes det er dyrt, men det er bare kjekt aa se kor langt ned ein kan forhandle seg. Mye kjekkere enn forhandlingskurset som vi hadde paa forkurs i Asker for vi kunne dra hit. Her ser vi fruktene av god forhanslingstaktikk, og det er jo noko einkvar god grunder bor ha.
Naar vi hadde faatt nok av prutinga, saa dro vi vidare til Carlton Center, som ligg midt i sentrum av Johannesburg. Dette var tidlegare ein av dei hogaste bygningane i Afrika, og var egentlig bygd for den rike delen av Johannesburg. Men etter at apartheid regimet blei oppheva, har sentrum blitt ein stad der nesten ingen beveger seg nesten lenger. Det er ikkje anbefalt aa dra dit paa egenhaand, og gaa og spasere i gatene. Carlton Center var for eit ganske "upper class" handlesenter, men det er no blitt litt annen rangs. Naar vi var der var vi nokre av veldig faa kvite, folk stirra litt paa oss folte vi. Vi drog ikkje dit for aa handle, men for aa dra opp i 50. etasje og ta bilder av byen. Det var ein ganske bra utsikt fra toppen, men Johannesburg er ikkje saa veldig vakkert, saa vi tok heisen ned att og drog vidare ut fraa sentrum att.
Om kvelden hadde vi billetter til The Rocky Horror Show. Her var publikum helt annerledes enn det vi hadde opplevd kvelden for. Litt saann som oss var de, satt og klappa naar det hovde seg. Det var kanskje ein liten gjeng som var inne i showet som hadde kledd seg opp, og levde seg inn, slik som ein egentlig skal i dette showet. Men det vart ikkje like bra som dagen for.
Sondagen gikk bort i ein tur til Sandton shopping centre, og ligge ute og sole seg. Det var ikkje mykje anna og gjore. Magen min var framleis i ulage, og eg tok hintet. Den trengte ro og kvile. :)
Haaper alle har ein god sommer i fedrelandet. Eg er snart halvvegs i opphaldet, saa no er det ikkje masse ro att aa faa.
|
|
|||||
|
|